Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 14:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. No var det berre to dagar att til påske og høgtida med usyra brød. Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne gripa Jesus med list og slå han i hel.

2. «Det må ikkje gjerast under høgtida», sa dei, «for då kan det bli uro i folket.»

3. Jesus var no i Betania, heime hos Simon den spedalske. Medan dei låg til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho braut krukka og helte salven ut over hovudet hans.

4. Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik sløsing med salve tena til?

5. Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala strengt til henne.

6. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.

7. Dei fattige har de alltid hos dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil, men meg har de ikkje alltid.

8. Ho gjorde det ho kunne. Ho har på førehand salva kroppen min til gravferda.

Les hele kapitlet Markus 14