Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 13:23-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Så ver på vakt! Eg har sagt dykk alt på førehand.

24. Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys.

25. Stjernene skal falla frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka.

26. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom.

27. Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå dei fire verdshjørna, frå den ytste enden av jorda til den ytste enden av himmelen.

28. Lær denne likninga av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.

29. Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser at dette hender.

30. Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.

31. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

32. Men dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

33. Ver på vakt, hald dykk vakne! For de veit ikkje når tida er inne.

34. Det er som når ein mann er utanlands. Før han fór heimanfrå, overlét han ansvaret til tenarane sine. Kvar av dei fekk sitt å gjera, og til dørvaktaren sa han at han skulle vaka.

35. Så vak då! For de veit ikkje kva tid husherren kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel, eller når dagen renn.

36. Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem.

37. Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!»

Les hele kapitlet Markus 13