Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 13:15-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko,

16. og den som er ute på marka, må ikkje gå tilbake etter kappa si.

17. Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!

18. Og be om at det ikkje må henda om vinteren!

19. For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli.

20. Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare.

21. Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Sjå, der er han’, så tru det ikkje!

22. For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera teikn og under for å føra dei utvalde vill, om dei kan.

23. Så ver på vakt! Eg har sagt dykk alt på førehand.

24. Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys.

25. Stjernene skal falla frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka.

26. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom.

27. Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå dei fire verdshjørna, frå den ytste enden av jorda til den ytste enden av himmelen.

28. Lær denne likninga av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.

Les hele kapitlet Markus 13