Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 13:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Berre den som held ut til enden, skal bli frelst.

14. Når de ser det motbydelege som øydelegg, stå der det ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, rømma til fjells,

15. den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko,

16. og den som er ute på marka, må ikkje gå tilbake etter kappa si.

17. Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!

18. Og be om at det ikkje må henda om vinteren!

Les hele kapitlet Markus 13