Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 13:12-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra og senda dei i døden.

13. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Berre den som held ut til enden, skal bli frelst.

14. Når de ser det motbydelege som øydelegg, stå der det ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, rømma til fjells,

15. den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko,

16. og den som er ute på marka, må ikkje gå tilbake etter kappa si.

17. Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!

18. Og be om at det ikkje må henda om vinteren!

19. For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli.

20. Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare.

Les hele kapitlet Markus 13