Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 13:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus var på veg ut frå tempelet, sa ein av læresveinane til han: «Sjå, meister, for nokre steinar og byggverk!»

2. Han svara: «Ja, ser du desse veldige bygningane? Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»

3. Då han sat på Oljeberget midt imot tempelet og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han:

4. «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på at alt dette skal fullendast?»

5. Jesus tok til orde og sa til dei: «Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill!

6. Mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg!’ Og dei skal føra mange på villspor.

7. Når de høyrer om krig og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skremma! Dette må henda, men enno er ikkje enden komen.

8. Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv på stad etter stad, og hungersnaud. Dette er byrjinga på fødselsriene.

9. Men ta dykk i vare! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane, og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar, så de kan vitna for dei.

Les hele kapitlet Markus 13