Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 12:7-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Men vinbøndene sa til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, og arven er vår.’

8. Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut av vingarden.

9. Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på vinbøndene og la andre få vingarden.

10. Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta: Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.

11. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre auge.»

12. Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.

13. Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord.

14. Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg. Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi betala, eller skal vi la det vera?»

15. Men Jesus merka hykleriet deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar og lat meg få sjå han!»

16. Dei gav han ein, og han spurde: «Kven har biletet og namnet sitt her?» «Keisaren», svara dei.

17. Då sa Jesus til dei: «Gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til!» Og dei undra seg over han.

18. Så kom det nokre saddukearar til han, dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

19. «Meister, Moses har gjeve oss dette påbodet: Om ein mann har ein bror som døyr og etterlèt seg kone, men ikkje born, skal han gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.

20. No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born.

Les hele kapitlet Markus 12