Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 12:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så tok han til å tala til dei i likningar: «Ein mann planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han marka bort til nokre vinbønder og drog utanlands.

2. Då tida kom, sende han ein tenar til bøndene for å få sin del av avlinga.

3. Men dei greip tenaren, skamslo han og sende han tomhendt bort.

4. Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei. Han slo dei i hovudet og spotta.

5. Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.

6. No hadde han ein einaste att, sin eigen son, som han hadde så kjær. Til sist sende han sonen til dei, for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’

7. Men vinbøndene sa til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, og arven er vår.’

Les hele kapitlet Markus 12