Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 11:25-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Men når de står og bed og har noko å klaga ein annan for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.

26. {{Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.}}»

27. Igjen kom dei inn i Jerusalem. Og medan Jesus gjekk omkring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han

28. og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?»

29. Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

30. Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!»

31. Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?

32. Skal vi svara: ‘Frå menneske’?» Men dei var redde folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet.

33. Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»

Les hele kapitlet Markus 11