Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 11:23-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Sanneleg, eg seier dykk: Om nokon seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet!’ og han ikkje har tvil i hjartet, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå slik.

24. Difor seier eg dykk: Alt de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det.

25. Men når de står og bed og har noko å klaga ein annan for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.

26. {{Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.}}»

27. Igjen kom dei inn i Jerusalem. Og medan Jesus gjekk omkring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han

28. og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?»

29. Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.

30. Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!»

Les hele kapitlet Markus 11