Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 11:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Langt borte såg han eit fikentre med lauv på. Han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna noko på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv, for det var ikkje tid for fiken.

14. Då sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg!» Og læresveinane høyrde det.

15. Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å driva ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,

16. og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.

17. Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?Men de har gjort det til ei røvarhòle.»

18. Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista å finna ei råd til å ta livet av han. For dei var redde han fordi heile folket var overvelda av læra hans.

19. Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane ut av byen.

20. Tidleg om morgonen gjekk dei forbi fikentreet, og då såg dei at det hadde visna heilt ifrå rota.

21. Peter kom i hug Jesu ord og sa: «Rabbi, sjå fikentreet som du forbanna! Det har visna.»

22. Og Jesus svara dei: «Ha tru til Gud!

23. Sanneleg, eg seier dykk: Om nokon seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet!’ og han ikkje har tvil i hjartet, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå slik.

24. Difor seier eg dykk: Alt de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det.

25. Men når de står og bed og har noko å klaga ein annan for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.

26. {{Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.}}»

Les hele kapitlet Markus 11