Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 11:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus to av læresveinane i veg

2. og sa til dei: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk! Straks de kjem inn der, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete nokon på. Løys han og kom hit med han.

3. Og er det nokon som spør: ‘Kva er det de gjer?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han og sender han straks tilbake.’»

4. Så gjekk dei og fann folen, som stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han.

5. Nokre av dei som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?»

6. Dei svara så som Jesus hadde sagt, og då fekk dei gå.

7. Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå.

8. Mange breidde kappene sine på vegen, andre strødde friske greiner som dei hadde hogge ute på markene.

9. Både dei som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:«Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn!

Les hele kapitlet Markus 11