Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 10:7-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si,

8. og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp.

9. Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

10. Då dei var komne i hus att, spurde læresveinane han om dette.

11. Han sa til dei: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i ekteskapsbrot mot den første.

12. Og om ei kvinne skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, bryt ho ekteskapet.»

13. Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort.

14. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.

15. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»

16. Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

17. Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»

18. Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud!

19. Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje lura til deg noko, æra far din og mor di.»

20. Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.»

Les hele kapitlet Markus 10