Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 10:43-52 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

43. Men slik er det ikkje blant dykk. Den som vil bli stor blant dykk, skal vera tenaren dykkar,

44. og den som vil vera først blant dykk, skal vera slave for alle.

45. For ikkje eingong Menneskesonen er komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

46. Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut av byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind tiggar attmed vegen. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus.

47. Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i å ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»

48. Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»

49. Då stogga Jesus og sa: «Rop på han!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver ved godt mot! Reis deg opp! Han kallar på deg.»

50. Mannen kasta av seg kappa, sprang opp og kom bort til Jesus.

51. «Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få att synet!»

52. Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med det same kunne han sjå, og han følgde Jesus på vegen.

Les hele kapitlet Markus 10