Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 10:40-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

40. Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er gjort i stand for.»

41. Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på Jakob og Johannes.

42. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som blir rekna for å vera fyrstar over folka, undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.

43. Men slik er det ikkje blant dykk. Den som vil bli stor blant dykk, skal vera tenaren dykkar,

44. og den som vil vera først blant dykk, skal vera slave for alle.

45. For ikkje eingong Menneskesonen er komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

46. Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut av byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind tiggar attmed vegen. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus.

47. Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i å ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»

48. Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»

Les hele kapitlet Markus 10