Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 10:30-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. utan at han skal få det att hundre gonger. Her i denne tida skal han få hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar, men han skal òg bli forfølgd – og i den verda som kjem, skal han få evig liv.

31. Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.»

32. Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var urolege, og dei som følgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv omkring seg og tok til å fortelja dei kva som skulle henda han:

33. «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden og gje han over til heidningane,

34. og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hel. Og tre dagar etter skal han stå opp att.»

35. Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.»

36. «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han.

37. Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg i din herlegdom, den eine på høgre og den andre på venstre sida di.»

38. «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg drikk, eller døypast med den dåpen eg blir døypt med?»

Les hele kapitlet Markus 10