Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 10:18-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud!

19. Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje lura til deg noko, æra far din og mor di.»

20. Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.»

21. Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»

22. Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sorgtung bort, for han eigde mykje.

23. Då såg Jesus omkring seg og sa til læresveinane sine: «Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!»

24. Læresveinane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike {{for dei som set si lit til rikdom}}.

25. Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

26. Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?»

27. Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»

28. Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg.»

29. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har forlate hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld

30. utan at han skal få det att hundre gonger. Her i denne tida skal han få hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar, men han skal òg bli forfølgd – og i den verda som kjem, skal han få evig liv.

31. Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.»

32. Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var urolege, og dei som følgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv omkring seg og tok til å fortelja dei kva som skulle henda han:

33. «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden og gje han over til heidningane,

34. og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hel. Og tre dagar etter skal han stå opp att.»

Les hele kapitlet Markus 10