Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 1:41-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!»

42. Med det same var sjukdomen borte, og mannen vart rein.

43. Jesus tala strengt til han og sende han straks bort.

44. «Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette», sa han. «Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga di som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

45. Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på aude stader. Men folk kom til han frå alle kantar.

Les hele kapitlet Markus 1