Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 1:33-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Heile byen var samla utanfor døra.

34. Han lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.

35. Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod Jesus opp, gjekk ut og drog til ein aud stad. Der bad han.

36. Simon og dei som var med han, skunda seg etter,

37. og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg!»

38. Men han svara: «Lat oss fara vidare til småbyane her omkring, så eg kan forkynna der òg. Det er difor eg er komen.»

39. Så drog han omkring i heile Galilea, forkynte i synagogane deira og dreiv ut dei vonde åndene.

40. Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.»

41. Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!»

42. Med det same var sjukdomen borte, og mannen vart rein.

43. Jesus tala strengt til han og sende han straks bort.

44. «Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette», sa han. «Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga di som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

Les hele kapitlet Markus 1