Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 1:23-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. No var det i synagogen deira ein mann med ei urein ånd. Han sette i å ropa:

24. «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»

25. Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»

26. Og ånda reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut av han.

27. Då vart alle gripne av otte og undring; dei snakka i munnen på kvarandre og sa: «Kva er dette? Ei ny, mektig lære! Han byd til og med dei ureine åndene, og dei lyder han.»

28. Og ordet om han fór snart over heile Galilea-området.

29. Frå synagogen gjekk dei heim til Simon og Andreas saman med Jakob og Johannes.

30. Svigermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus.

31. Han gjekk bort til henne, tok henne i handa og reiste henne opp. Då sleppte feberen henne, og ho stelte for dei.

32. Då det vart kveld og sola gjekk ned, kom dei til han med alle som var sjuke eller hadde vonde ånder.

33. Heile byen var samla utanfor døra.

34. Han lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.

35. Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod Jesus opp, gjekk ut og drog til ein aud stad. Der bad han.

36. Simon og dei som var med han, skunda seg etter,

37. og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg!»

Les hele kapitlet Markus 1