Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 1:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.

2. Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.

3. Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!

4. Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene.

5. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.

Les hele kapitlet Markus 1