Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 9:9-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga. Kven er så denne som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han.

10. Apostlane kom tilbake og fortalde Jesus om alt dei hadde gjort. Då tok han dei med så dei kunne vera åleine. Han drog bortover mot ein by som heiter Betsaida.

11. Men folk fekk vita det og følgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som trong å bli friske.

12. Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her omkring. Der kan dei finna hus og få seg noko å eta. For her er vi på ein aud stad.»

13. «De skal gje dei mat!» svara Jesus. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», sa dei, «om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.»

14. Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: «Lat dei setja seg i flokkar på femti.»

15. Dei gjorde som han sa, og lét alle setja seg.

16. Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket.

17. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.

18. Ein gong var han åleine og bad, og berre læresveinane var med han. Då spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»

19. «Døyparen Johannes», svara dei, «men somme seier Elia og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.»

20. «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Guds Messias.»

21. Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.

22. Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tredje dagen skal han reisast opp.»

23. Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg.

24. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det.

25. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne?

26. For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom.

27. Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»

Les hele kapitlet Lukas 9