Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 9:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Så tok dei ut og drog omkring frå landsby til landsby og forkynte den gode bodskapen og lækte folk kvar dei kom.

7. Landsfyrsten Herodes fekk høyra om alt det som hende, og han visste ikkje kva han skulle tru. For somme sa at Johannes var reist opp frå dei døde,

8. andre at det var Elia som hadde synt seg, og endå andre at det var ein av dei gamle profetane som hadde stått opp att.

9. Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga. Kven er så denne som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han.

10. Apostlane kom tilbake og fortalde Jesus om alt dei hadde gjort. Då tok han dei med så dei kunne vera åleine. Han drog bortover mot ein by som heiter Betsaida.

11. Men folk fekk vita det og følgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som trong å bli friske.

12. Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her omkring. Der kan dei finna hus og få seg noko å eta. For her er vi på ein aud stad.»

Les hele kapitlet Lukas 9