Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 9:50-59 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

50. Men Jesus svara: «De skal ikkje hindra han! Den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»

51. Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara.

52. Han sende bod føre seg, og dei drog av stad og kom til ein samaritansk landsby for å tinga hus til han.

53. Men der ville dei ikkje ta imot han, fordi han hadde vendt sine steg mot Jerusalem.

54. Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: «Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei?»

55. Men han snudde seg og tala dei til rette. {{«De veit ikkje kva ånd de er av», sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa.»}}

56. Så gjekk dei til ein annan landsby.

57. Medan dei gjekk etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil følgja deg kvar du så går.»

58. Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»

59. Til ein annan sa han: «Følg meg!» Men mannen svara: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»

Les hele kapitlet Lukas 9