Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 9:36-52 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.

37. Dagen etter, då dei kom ned frå fjellet, vart han møtt av ei stor folkemengd.

38. Då ropa ein mann i flokken: «Meister, eg bed deg: Ta deg av son min, for han er einaste barnet eg har!

39. Brått kan ei ånd hogga tak i han; ho set i eit skrik og riv og slit i han så skummet står om munnen på han. Ho tek mest livet av han før ho endeleg slepper han.

40. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei greidde det ikkje.»

41. Då sa Jesus: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk og halda ut med dykk? Kom hit med son din!»

42. Men før guten var komen fram til Jesus, kasta den vonde ånda han over ende og reiv og sleit i han. Då truga Jesus den ureine ånda og lækte guten og gav han tilbake til faren.

43. Og alle var fulle av undring over Guds veldige makt.Medan alle undra seg over alt det han gjorde, sa han til læresveinane:

44. «Høyr nøye etter det eg no seier: Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske.»

45. Men dette skjøna dei ikkje. Det var løynt for dei, så dei ikkje fekk tak i det. Og dei våga ikkje å spørja han om det han hadde sagt.

46. Tanken kom opp mellom læresveinane om kven som kunne vera den største av dei.

47. Men Jesus skjøna kva dei tenkte i hjartet. Han tok eit lite barn, sette det attmed seg

48. og sa til dei: «Den som tek imot dette barnet i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. For den som er minst av dykk alle, er stor.»

49. Då tok Johannes ordet: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og vi prøvde å hindra han, sidan han ikkje er i følgje med oss.»

50. Men Jesus svara: «De skal ikkje hindra han! Den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»

51. Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara.

52. Han sende bod føre seg, og dei drog av stad og kom til ein samaritansk landsby for å tinga hus til han.

Les hele kapitlet Lukas 9