Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 9:3-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller veske eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar.

4. Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare.

5. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»

6. Så tok dei ut og drog omkring frå landsby til landsby og forkynte den gode bodskapen og lækte folk kvar dei kom.

7. Landsfyrsten Herodes fekk høyra om alt det som hende, og han visste ikkje kva han skulle tru. For somme sa at Johannes var reist opp frå dei døde,

8. andre at det var Elia som hadde synt seg, og endå andre at det var ein av dei gamle profetane som hadde stått opp att.

9. Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga. Kven er så denne som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han.

10. Apostlane kom tilbake og fortalde Jesus om alt dei hadde gjort. Då tok han dei med så dei kunne vera åleine. Han drog bortover mot ein by som heiter Betsaida.

11. Men folk fekk vita det og følgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som trong å bli friske.

Les hele kapitlet Lukas 9