Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 9:25-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne?

26. For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom.

27. Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»

28. Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be.

29. Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite.

30. Med eitt stod to menn og snakka med han; det var Moses og Elia.

31. Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem.

32. Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han.

33. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa.

Les hele kapitlet Lukas 9