Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 9:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt over alle vonde ånder og kraft til å lækja sjukdomar.

2. Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke friske.

3. Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller veske eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar.

4. Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare.

5. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»

6. Så tok dei ut og drog omkring frå landsby til landsby og forkynte den gode bodskapen og lækte folk kvar dei kom.

Les hele kapitlet Lukas 9