Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 8:8-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»

9. Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda.

10. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal sjå, men ikkje sjå, og høyra, men ikkje skjøna.

11. Likninga tyder: Såkornet er Guds ord.

12. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste.

13. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, og når dei blir sette på prøve, fell dei frå.

14. Det som fall mellom klunger, er dei som vel høyrer ordet, men som på vegen gjennom livet blir kvelte av sorger og rikdom og nytingar så dei ikkje ber fullmogen grøde.

15. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.

16. Ingen tenner ei oljelampe og gøymer henne under ei krukke eller set henne under ei seng; nei, han set lampa på ein haldar, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

17. For ingenting er løynt som ikkje skal bli synleg, og ingenting er gøymt som ikkje skal bli kjent og koma for dagen.

18. Akta vel på korleis de høyrer! For den som har, skal få. Men den som ikkje har, skal mista jamvel det han trur han har.»

19. Mor hans og syskena hans kom og ville møta han, men dei slapp ikkje fram for folkemengda.

20. Då var det nokon som sa til han: «Mor di og syskena dine står utanfor og vil treffa deg.»

Les hele kapitlet Lukas 8