Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 8:42-56 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gammal, låg for døden. Då Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar.

43. Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. {{Alt ho eigde, hadde ho brukt på legar,}} men ingen hadde greidd å gjera henne frisk.

44. Ho nærma seg Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans, og med ein gong stansa blodet.

45. «Kven var det som rørte ved meg?» spurde Jesus. Ingen ville svara. Då sa Peter: «Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.»

46. Men Jesus sa: «Det var einkvan som rørte ved meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.»

47. Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde rørt ved han, og korleis ho hadde vorte frisk med det same.

48. Då sa Jesus til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred!»

49. Før han hadde tala ut, kom det ein frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Bry ikkje meisteren lenger.»

50. Jesus høyrde det, men sa til faren: «Ver ikkje redd, berre tru, så skal ho bli berga.»

51. Då han kom fram til huset, lét han ingen andre vera med inn enn Peter, Johannes og Jakob og far og mor til barnet.

52. Alle gret og jamra over henne. Men han sa: «Gråt ikkje! Ho er ikkje død, ho søv.»

53. Dei berre lo av han, for dei visste at ho var død.

54. Men han tok henne i handa og ropa: «Barnet mitt, stå opp!»

55. Då vende livsanden hennar attende, og ho reiste seg opp med ein gong. Og han sa at dei skulle gje henne mat.

56. Foreldra var reint ifrå seg av undring. Men Jesus forbaud dei å tala til nokon om det som hadde hendt.

Les hele kapitlet Lukas 8