Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 8:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, og når dei blir sette på prøve, fell dei frå.

14. Det som fall mellom klunger, er dei som vel høyrer ordet, men som på vegen gjennom livet blir kvelte av sorger og rikdom og nytingar så dei ikkje ber fullmogen grøde.

15. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.

16. Ingen tenner ei oljelampe og gøymer henne under ei krukke eller set henne under ei seng; nei, han set lampa på ein haldar, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

17. For ingenting er løynt som ikkje skal bli synleg, og ingenting er gøymt som ikkje skal bli kjent og koma for dagen.

18. Akta vel på korleis de høyrer! For den som har, skal få. Men den som ikkje har, skal mista jamvel det han trur han har.»

19. Mor hans og syskena hans kom og ville møta han, men dei slapp ikkje fram for folkemengda.

20. Då var det nokon som sa til han: «Mor di og syskena dine står utanfor og vil treffa deg.»

21. Men han svara: «Mor mi og syskena mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»

22. Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. «Lat oss fara over til andre sida av sjøen», sa han. Så la dei utpå,

23. og medan dei var ute på sjøen, sovna han. Då kom det ein kvervelstorm kastande over sjøen, båten heldt på å gå full av vatn, og dei var i stor fare.

24. Dei gjekk bort til han og vekte han og sa: «Meister, meister, vi går under!» Jesus reiste seg opp og truga vinden og bølgjene så dei la seg, og det vart blikande stilt.

Les hele kapitlet Lukas 8