Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 8:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I tida som no kom, drog Jesus omkring og forkynte i byar og landsbyar og bar fram den gode bodskapen om Guds rike. Dei tolv var med han,

2. og nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar. Det var Maria med tilnamnet Magdalena, som sju vonde ånder hadde fare ut av,

3. Johanna, som var gift med Kusa, ein forvaltar hos Herodes, og Susanna og mange andre. Med alt det dei eigde, tente dei Jesus og dei tolv.

4. Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:

5. «Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp.

6. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte.

7. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det.

8. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»

9. Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda.

10. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal sjå, men ikkje sjå, og høyra, men ikkje skjøna.

11. Likninga tyder: Såkornet er Guds ord.

12. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste.

13. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, og når dei blir sette på prøve, fell dei frå.

14. Det som fall mellom klunger, er dei som vel høyrer ordet, men som på vegen gjennom livet blir kvelte av sorger og rikdom og nytingar så dei ikkje ber fullmogen grøde.

15. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.

Les hele kapitlet Lukas 8