Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 7:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Og Jesus gjekk med dei.Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er ikkje verd at du kjem inn under mitt tak

7. – difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.

8. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»

9. Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som følgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne ei slik tru.»

10. Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.

11. Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.

12. Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.

13. Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!»

14. Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!»

15. Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.

16. Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.»

17. Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.

18. Johannes fekk høyra om alt dette av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg

Les hele kapitlet Lukas 7