Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 7:45-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

45. Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn.

46. Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med velluktande salve.

47. Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.»

48. Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.»

49. Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?»

50. Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»

Les hele kapitlet Lukas 7