Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 7:33-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’

34. Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’

35. Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle borna hennar.»

36. Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet.

37. No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus låg til bords hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve.

38. Ho vart ståande bak Jesus, nede ved føtene, og gret. Så tok ho til å fukta føtene hans med tårene og tørka dei med håret sitt. Ho kyste føtene hans og smurde dei med salven.

39. Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

40. Då tok Jesus til orde og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister», svara han.

41. Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti.

42. Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?»

43. «Den han ettergav mest, tenkjer eg», svara Simon. «Du har rett», sa Jesus.

44. Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho fukta dei med tårer og tørka dei med håret sitt.

45. Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn.

46. Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med velluktande salve.

Les hele kapitlet Lukas 7