Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 7:15-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.

16. Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.»

17. Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.

18. Johannes fekk høyra om alt dette av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg

19. og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

20. Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

21. Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og han gav mange blinde synet.

22. Og han svara: «Gå og fortel Johannes kva de har sett og høyrt: Blinde ser, lamme går,spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet blir forkynt for fattige.

23. Og sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»

24. Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?

25. Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann kledd i fine klede? Dei som er staseleg kledde og lever i overflod, held til i slotta sine.

26. Men kva gjekk de ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet!

27. Det er om han dette står skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.

28. Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men sjølv den minste i Guds rike er større enn han.

29. Alt folket, og tollarane med, lydde og gav Gud rett og lét seg døypa med Johannes-dåpen.

30. Men farisearane og dei lovkunnige viste Guds plan frå seg og lét seg ikkje døypa av han.

31. Menneska i denne slekta, kva skal eg likna dei med? Kven er dei like?

32. Dei liknar born som sit på torget og ropar til kvarandre:‘Vi spela på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song klagesongar,men de ville ikkje gråta.’

Les hele kapitlet Lukas 7