Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 7:12-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.

13. Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!»

14. Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!»

15. Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.

16. Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.»

17. Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.

18. Johannes fekk høyra om alt dette av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg

19. og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

20. Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

21. Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og han gav mange blinde synet.

22. Og han svara: «Gå og fortel Johannes kva de har sett og høyrt: Blinde ser, lamme går,spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet blir forkynt for fattige.

23. Og sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»

24. Då bodberarane frå Johannes var gått, tala Jesus til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?

25. Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann kledd i fine klede? Dei som er staseleg kledde og lever i overflod, held til i slotta sine.

26. Men kva gjekk de ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet!

Les hele kapitlet Lukas 7