Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 7:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum.

2. Ein offiser der i byen hadde ein tenar som han sette svært høgt. Denne tenaren var så sjuk at det stod om livet.

3. Då offiseren fekk høyra om Jesus, sende han nokre av dei jødiske eldste til han; dei skulle be han koma og berga livet til tenaren.

4. Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han fortener at du gjer dette for han.

5. For han elskar folket vårt, og det er han som har bygd synagogen vår.»

6. Og Jesus gjekk med dei.Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er ikkje verd at du kjem inn under mitt tak

Les hele kapitlet Lukas 7