Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 5:29-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei.

30. Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?»

31. Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt.

32. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»

33. Så sa dei til han: «Læresveinane til Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane til farisearane, men dine et og drikk.»

34. «Kan de få bryllaupsgjestene til å fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus.

35. «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når dei dagane kjem, då skal dei fasta.»

36. Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye passar ikkje på det gamle.

37. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde.

38. Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker.

39. Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.»

Les hele kapitlet Lukas 5