Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 5:14-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Men gå og vis deg for presten», sa han, «og ber fram eit offer for reinsinga di, slik som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

15. Men ordet om han spreidde seg berre endå vidare, og folk kom i flokk og følgje for å høyra på han og bli lækte for sjukdomane sine.

16. Men sjølv trekte han seg ofte tilbake til aude stader og var der og bad.

17. Ein dag heldt han på og underviste, og der sat farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja.

18. Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus,

19. men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides takstein og firte han ned på båra, beint framfor Jesus.

20. Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.»

21. Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein? Han spottar Gud. Kven andre kan tilgje synder enn Gud åleine?»

22. Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de går med i hjartet?

23. Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er deg tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’?

24. Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no tala han til den lamme – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»

25. Og med ein gong reiste mannen seg midt for auga deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud.

26. Då vart dei alle heilt frå seg av undring og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting!»

27. Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!»

Les hele kapitlet Lukas 5