Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 5:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord.

2. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna.

3. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten.

4. Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.»

5. «Meister», svara Simon, «vi har streva i heile natt og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg setja garna.»

6. Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna.

7. Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk.

Les hele kapitlet Lukas 5