Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 4:41-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Mange fór det vonde ånder ut av, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.

42. Då det vart morgon dagen etter, fór han ut til ein aud stad. Folket gav seg til å leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei.

43. Men han sa: «Eg må bera fram den gode bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.»

44. Og han heldt fram med å forkynna i synagogane i Judea.

Les hele kapitlet Lukas 4