Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 4:35-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

35. Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje.

36. Då kom det otte og undring over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.»

37. Og ordet om han fór over alle bygdene der omkring.

38. Frå synagogen gjekk Jesus heim til Simon. Svigermor til Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne.

39. Han gjekk fram, bøygde seg over henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.

40. Då sola gjekk ned, kom alle til han med sine sjuke, same kva sjukdom dei var plaga av. Og han la hendene på kvar og ein av dei og lækte dei.

41. Mange fór det vonde ånder ut av, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.

42. Då det vart morgon dagen etter, fór han ut til ein aud stad. Folket gav seg til å leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei.

Les hele kapitlet Lukas 4