Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 4:23-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: ‘Lege, læk deg sjølv!’ og seia: ‘Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum. Gjer no det same på heimstaden din!’»

24. Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.

25. Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel i dei dagane då Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader og det vart ei stor hungersnaud i heile landet.

26. Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet.

27. Og det var mange med hudsjukdom i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Naaman.»

28. Då vart dei brennande harme, alle som var i synagogen og høyrde dette.

29. Dei fór opp og jaga han ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor.

Les hele kapitlet Lukas 4