Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 4:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

12. Men Jesus svara: «Det er sagt: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

13. Då djevelen slik hadde freista han på alle vis, heldt han seg borte frå Jesus ei tid.

14. I Andens kraft vende Jesus attende til Galilea. Og ordet om han spreidde seg i alle bygdene der omkring.

15. Han underviste i synagogane, og alle tala vel om han.

16. Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta,

17. og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18. Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri

19. og ropa ut eit nådeår frå Herren.

20. Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han.

21. Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»

22. Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

23. Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: ‘Lege, læk deg sjølv!’ og seia: ‘Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum. Gjer no det same på heimstaden din!’»

24. Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.

25. Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel i dei dagane då Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader og det vart ei stor hungersnaud i heile landet.

Les hele kapitlet Lukas 4