10. For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om å verna deg.
11. Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
12. Men Jesus svara: «Det er sagt: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
13. Då djevelen slik hadde freista han på alle vis, heldt han seg borte frå Jesus ei tid.
14. I Andens kraft vende Jesus attende til Galilea. Og ordet om han spreidde seg i alle bygdene der omkring.
15. Han underviste i synagogane, og alle tala vel om han.
16. Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta,
17. og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
18. Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri
19. og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20. Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han.
21. Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»