Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 3:13-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han.

14. «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»

15. Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias?

16. Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld.

17. Han har kasteskovla i handa for å reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten skal han samla i låven sin, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

18. Dette og mykje anna la han folket på hjartet når han forkynte bodskapen for dei.

19. Men då han refsa landsfyrsten Herodes fordi han levde med Herodias, brorkona si, og gjorde mykje anna vondt,

20. la Herodes ei ny ugjerning til alle dei andre: Han kasta Johannes i fengsel.

21. Alt folket lét seg no døypa, og Jesus vart òg døypt. Medan han bad, opna himmelen seg,

22. og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

Les hele kapitlet Lukas 3