Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 3:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det femtande styringsåret til keisar Tiberius. Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var landsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene,

2. og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son til Sakarja, i øydemarka.

3. Og han drog omkring i heile Jordan-landet og forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene,

4. slik som det står skrive i boka med profeten Jesajas ord: Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!

5. Kvar dal skal fyllast, kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut. Dei krokete vegane skal bli rette, dei steinete stigane bli slette.

6. Og alle menneske skal sjå Guds frelse.

7. I flokk og følgje drog folk ut for å bli døypte av Johannes, og han sa til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?

8. Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.

9. Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»

10. «Kva skal vi då gjera?» spurde folket.

11. Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.»

12. Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?»

Les hele kapitlet Lukas 3