Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 24:39-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»

40. {{Så viste han dei hendene og føtene sine.}}

41. Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?»

42. Dei gav han eit stykke steikt fisk,

43. og han tok det og åt medan dei såg på.

44. Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var saman med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som står skrive om meg i Moselova, hos profetane og i Salmane.»

45. Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene,

46. og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen,

47. og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem.

48. De er vitne om dette.

49. Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.»

50. Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei.

Les hele kapitlet Lukas 24