Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 24:23-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever.

24. Nokre av våre folk gjekk då ut til grava, og dei fann det nett slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»

25. Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt!

26. Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?»

27. Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.

28. Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, gjorde han som han ville gå vidare.

29. Men dei bad han inntrengjande og sa: «Ver hos oss! Det kveldar, og dagen er på hell.» Då gjekk han inn og gav seg til hos dei.

30. Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei.

31. Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei.

32. Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?»

33. Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla,

34. og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.»

35. Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.

36. Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

Les hele kapitlet Lukas 24